William Booth på norsk

William Booths budskap er minst like aktuelt i dag som på den tiden da det ble skrevet.

lørdag 11. juli 2009

General William Booth dreg inn i himmelen

Sigmund Skard 1903-95
Original Vancel Lindsay:
“General William Booth enters into heaven”
Omsett av Sigmund Skard

I
Booth gjekk baust i brodden
og hans dustromme skrall –
(Er du tvetta i Lammets blod?)
Himmelfolket smilte: ”Det er hit han skal.”
(Er du tvetta i Lammets blod?)
Først kom dei spedalske, rad på rad,
Så kom fark og fusse frå allan stad,
Bakgate-skjøkjer og narkotikavrak,
Andletsgrå av lyster som langsamt slepper tak,
Makketne heilagmenn med muggen pust
Uvaska hopane med kyrkjegardsgust –
(Er du tvetta i Lammets blod?)

Slummen kring all verda hadde sendt sin flokk,
Endå syntest Booth at det ikkje var nok.
Alle flagg på jorda stima fram i lag,
Gjennomlyste innanfrå med ukjent brag.
Kvinnfolk med toremål gitarane slo,
Høysta gjennom himlane og gret og lo:
Er du tvetta i Lammets blod?
Halleluja! Du vedunders tid:
Stutenakka farkar som Himlen sette fri!
Bøllar som basun-bles or kjeften full
Opp mot ein himmelkvelv så blank som gull!
(Er du tvetta i Lammets blod?)

II
Hør John Gowans fantastiske framføring her!
Booth døydde blind, men i tru han såg
Lysande som før kvar Guds rike låg
Booth gjekk i brodden og det høvde slik:
Kroknasen krøkte seg ørne-lik,
Kvitskjegga lufsa og kommandoen song
Like så kvassmælt som på jord ein gong.

Jesus steig ut på sin tinghus-tram
Og lyfte sine hender der hopen valt fram.
Booth såg ikkje honom, han styrte si horg
I kross og krok kring det veldige torg.
Men i sjølvsame stund kvar den sjel der gjekk
Bar snøkvite kjortlar utan minste flekk.
Krøplingar rette seg så raka som ei spik,
Blindingana stirte inn i Himmerik.

Syndar-merka var som alle strokne ut!
Borte var ulveglis og rottesnut.
Hore og hallik skreid i visdoms skrud,
Skirvaskne møyar og hovdingar for Gud!

Dei stega i sandalar, med vengepar av eld –
(Er du tvetta i Lammets blod?)
Og jubla så englekoret reint kom på stell.
(Er du tvetta i Lammets blod?)
Å Frelsar! Halleluja! Du sæle tid,
Sjå kongar og fyrstar som Lammet sette fri!
Gitarane buldra og singlelåten rann
Frå kvelle tamburinar i dronninghand.

Og så Booth i bøn framfor tingtrammen stod,
Då såg han sin Herren der fanane slo.
Livsens krone Krist rette ned
Åt sin trugne soldat, medan mugen fell på kne
Og gråtande seig han for sin Herres fot.
Er du tvetta i Lammets blod?

2 kommentarer:

  1. Det er synt til akkurat dette diktet - sjølv om tittelen der ikkje er heilt korrekt - i punkt 27/70 i "1000+ Comments on the Quran" (Amazon - men den finnest visst på Google og) som døme på skilnaden på moralen i NT og i Koranen. Hugsar eg rett, er den og med under same punkt i "www.100åmistakes.com" (om alle faktafeila og andre ikkje-religiøse feil og sjølvmotseiingar i Koranen).

    SvarSlett
  2. Eit storslege dikt. På kvass eggja mellom hylling og haselas men likevel det er det fyrste. Her er det både blod og eld.

    SvarSlett